Torsdag 26. november kl. 18, Litteraturhuset - Zinken Hopp rommet
Lett servering, mingling og omsyning i utstillinga Moments of Blackout på KRAFT, kl. 19.30
Velkomen til seminaret Energy Talks, del av sideprogrammet knytt til vår pågåande utstilling Moments of Blackout, som synast på KRAFT i tidsrommet 02.10.-20.12.2026.
I ein serie innlegg snakkar Carlo Aall (leiar ved Norsk senter for berekraftig tilpassing), Kristin Guldbrandsen Frøysa (energidirektør ved UiB) og Jannecke Heien (utstillande kunstnar i Moments of Blackout) om tema knytt til energi. Dei er mellom anna innom; energiomstilling sett frå forsking og industri, kva endring og tilpassing dette inneber, spekulasjon kring korleis økonomi og kulturell endring merkast på bakkenivå og ikkje minst kva rolle fantasien speler, i å førestille seg framtidas forhald.
I etterkant av seminaret går vi vidare til KRAFT, der vi held fram samtalen med lett forfrisking og omsyning i utstillinga Moments of Blackout.
Hjarteleg velkomen!
Biografiar:
Carlo Aall har ein mastergrad i naturforvaltning frå Noregs landbrukshøgskule (1987) og tok doktorgraden sin ved Aalborg Universitet i 2002. Han har arbeidd ved Vestlandsforsking sidan1990, og frå 2006 til 2017 var han leiar for miljøforskingsgruppa. Frå 2012 til 2014 var Aall gjesteprofessor i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet i Herning (DK), og sidan 2016 har han vore professor II i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Før han starta ved Vestlandsforsking arbeidde Aall som miljørådgjevar i Ølen kommune (1988–1990), og han har arbeidd med ei rekkje store forskingsprosjekt finansierte av Noregs forskingsråd samt internasjonale EU-finansierte prosjekt. Frå 1. januar 2019 leier Aall Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) https://klimatilpasningssenter.no/.
Kristin Guldbrandsen Frøysa har ein dr.scient.-grad i bruksmatematikk frå Universitetet i Bergen (UiB). Ho har brei røynsle frå forsking (fiskebestandsvurdering, reservoarmekanikk og seismikk) og frå privat sektor (marknadsføring og leiing) før ho byrja å arbeide med havvindenergi i 2010. Ho var direktør for Norwegian Centre for Offshore Wind Energy (NORCOWE) frå 2010 til 2017 ved Christian Michelsen Research (no NORCE). Våren 2018 vart ho tilsett som energidirektør ved UiB, med ansvar for satsingsområdet Klima og energiomstilling. Ho har samarbeidd med tekstilkunstnaren Margrethe Kolstad Brekke i mange år om tema som berekraft, redusert forbruk og energiomstilling.
Jannecke Heien er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho arbeider med installasjon, bilete og video, ofte med utgangspunkt i sosiale strukturar. Korleis ulike økonomiske, strukturelle og kulturelle endringsprosessar kjem til syne på bakkeplan, har vore kjelda til mykje av arbeidet til Heien. Sidan 2010 har ho utvikla prosjekt som legg vekt på mennesket si evne til å førestille seg og sjå føre seg framtidige tilhøve. I 2006 var ho ein av medgrunnleggjarane av kunsttidsskriftet B-Post, som vart gjeve ut årleg fram til 2015. Heien har stilt ut ved mellom anna Möbius Galleri, Kunsthall 3,14, Kunstgarasjen og Trykkeriet.